Kunngjeringar
Publisert 06.12.2019

Veke 52 og tysdag 31.12.2019 held byggesak stengt. Vanleg opningstid frå kl 09.00-15.00 torsdag 02.01.2020.

Byggesaksmailen vil og bli besvart sporadisk.

Publisert 29.11.2019

Områdereguleringsplan for Voss Næringspark Istad

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vart mindre reguleringsendring av områdereguleringsplan for Voss Næringspark Istad, for eigedom gnr 173 bnr 29, godkjent i delegert vedtak 19.11.2019.

Dokument i plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/
Gå inn på planregister og søk på planident 2010014.

Publisert 08.11.2019

15. til 17. november 2019 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse i 2020. Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Dersom de ikkje mottek brev, tek de kontakt med kommunen.

Elevane til Granvin barne- og ungdomsskule har innmelding direkte til skulen som før.

Velkommen i Vossaskulen.

Publisert 27.09.2019

 

Godkjent plan - Detaljreguleringsplan for  Evanger stasjon
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss kommunestyre i møte 26.09.19, sak 28/19, godkjent detaljreguleringsplan for Evanger stasjon, planident 2018002.

Dokument i plansaka er tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset på Voss, og i planregisteret, planident 2018002. 

Nye adressenamn
I same møte vart Eideshagevegen, Seimsgrendvegen og Nesheimsbrekkene godkjent som nye adressenamn.

Publisert 13.09.2019

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss Kommunestyre i møte 29.08.19, sak 25/19, godkjent privat detaljreguleringsplan for Vatletun, planid 2016010, slik det går fram av plankart datert 28.05.19, og føresegner og planomtale datert 09.07.19 signert Og Arkitekter AS.

Dokument i plansak er tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset på Voss, og på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på planregister, og søk på planident 2016010.