Nyhende
Publisert 01.01.2020

Sida voss.kommune.no vil ikkje verta oppdatert lengre. 1. januar 2020 gjekk Voss kommune, Granvin herad og delar av Ullensvang herad (Oksenhalvøya) saman til Voss herad. Kommunal informasjon finn du på www.voss.herad.no

 

Publisert 30.12.2019

Følg fyrverkerireglane for ein sikker og skadefri nyttårsaftan

Publisert 28.12.2019

Det er stor snøskredfare i Voss og Hardanger. NVE har sett faregraden til 4, gjeldande for søndag. Laurdag er faregraden sett til 3. I varselet vert folk oppmoda om å unngå skredfarleg terreng, brattare enn 30 grader. 

NVE har også sendt ut oransje farevarsel om jordskred på Vestlandet. Varselet gjeld frå søndag morgon. 

Voss kommune oppmodar folk om å fylgja tilrådingane frå NVE, og halda seg oppdatert på situasjonen gjennom nettstaden https://www.varsom.no/.

Lenkje til snøskredvarsel: https://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Voss/

Lenkje til jordskredvarsel: https://www.varsom.no/flom-og-jordskredvarsling/varsel/Hordaland/Voss/

Publisert 23.12.2019

Etter jolefred kjem nyttårsfeiring. Mange ser fram til å feira inngangen til eit nytt år med fyrverkeri. Ver varsam så ingen vert skadd. Gå det nye året trygt i møte ved å fylgja fyrverkerireglane frå Voss brannvern og Indre Hordaland Miljøverk: 

1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finn ein eigna stad til avfyring.

2. Les bruksanvisninga nøye før bruk.

3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.

4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.

5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme.

6. Bruk vernebriller.

7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og koma deg på trygg avstand.

8. Fyrverkeriet må ikkje tennast på nytt dersom fyrste forsøk feila.

9. Hald god avstand frå oppskytinga.

10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

11. Avbrent fyrverkeri må lagrast utandørs i god avstand til brennbart materiale til godt utpå dagen etter. Deretter skal avbrent fyrverkeri kastast i dunk for restavfall.

12. Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal leverast attende til forhandlar.

 

Godt nytt år!

 

Voss brannvern                                                                                  Indre Hordaland Miljøverk

Publisert 18.12.2019

NVE varslar om stor snøskredfare frå midnatt 19 desember. Snøskreda kan verta store og nå ned til skredutsette vegar og bebyggelse. Voss kommune oppmodar folk om å unngå terreng brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred.

For meir informasjon og råd sjå: varsom.no

Publisert 17.12.2019

 

 

Måndag 23/12       ope kl 08.00-15.30
Jolaftan                   stengt
1. og 2. joledag      stengt
Fredag 27/12         ope kl 10.00-13.00
Måndag 30/12       ope kl 10.00-13.00
Nyttårsaftan           ope kl 10.00-12.00
1. nyttårsdag          stengt

Me ynskjer alle ein god jol og godt nytt år.