Velkomen til voss.herad.no

Sida voss.kommune.no vil ikkje verta oppdatert lengre. 1. januar 2020 gjekk Voss kommune, Granvin herad og delar av Ullensvang herad (Oksenhalvøya) saman til Voss herad. Kommunal informasjon finn du på www.voss.herad.no

Utover ny grafisk profil, er det tenesta Min Side som er den største endringa for innbyggjarane. Her er det samla ei rekkje tenester som krev innlogging via til dømes BankID. Målet er at fleire kan få svar på det ein lurer på, eller få søkt om det ein ynskjer. Servicetorget i Voss herad finn du i Voss tinghus. 

I Kulturbanken sine lokale i Hardangervegen 2562 vil du onsdagar frå kl 9 - 15 kunna møta ein representant frå Innbyggjarservice, som kan hjelpe deg med å navigere i det nye heradet, setja deg i kontakt med sakshandsamarar eller hjelpa deg med å finna rett skjema på nettsidene. Fyrste opningsdag etter nyttår vert onsdag 8. januar. Velkomen innom!