Besøkande / visitors

"Eg veit ei bygd med lange, leine lider, som fell frå fagre fjell i dalen ned".
Slik er starten på Vossasongen, ein song som hyllar bygda for den storslegne vestlandsnaturen me er så heldige å ha. Men Voss er mykje meir enn natur - Voss er eit regionalt skulesenter og knutepunkt for handel. Me husar årlege festivalar og store idrettsarrangement, og me fostrar OL- og VM-vinnarar som inga anna bygd har gjort før oss.
Voss - ei bygd med ambisjonar, ei bygd som ser moglegheiter i samarbeid med andre, ei bygd i vekst.
Fem fakta om Voss kommune:
-
Fylke: Hordaland.
-
Innbyggjarar: 14.512 (2016).
-
Grensar i vest til Vaksdal, i sør til Kvam og Granvin, i aust til Ulvik og i nord til Aurland og Vik i Sogn og Fjordane fylke.
-
Med sine 1815 kvadratkilometer er Voss den største kommunen i fylket.
-
Dei største næringane er offentleg tenesteproduksjon, handel, reiseliv og jord-/skogbruk.
Sjå brosjyra vår
Publisert av
Gro Sølvberg.
Sist endra 18.04.2017