
Takk for at du viser interesse for å søkja ledig stilling i Voss kommune.
Når du kjem inn på sida for stillingar:
For å lesa heile utlysingsteksten, klikk på utlysingstittelen.
Registrering / innlogging
- Er du ekstern søkjar må du oppretta brukarnamn og passord før du søkjer fyrste gong. Øvst på sida står «Registrer Søker» – trykk på linken og følg instruksjonen.
- Er du tilsett i kommunen og alt innmeldt i lønssystemet, skal du ikkje registrera deg på nytt. Om du ikkje har internt brukarnamn (ansattnummer) og passord kan du få det sendt til din kommunale e-post med å bruka funksjonen «Glemt brukernamn/passord», og følg instruksjonen.
Slik søkjer du
- Opna aktuell utlysing; klikk på tittelen, og «Søk på stilling».
- Alle felt som er merka med raud stjerne, må fyllast ut for å få lagra opplysningane.
Oversikt over ledige stillingar
Har du spørsmål eller utfordring med utfyllinga, ta kontakt med oppførte under «Kontakter» i den stillinga du søkjer.
Me gjer merksam på at:
- inaktivitet i meir enn 20 minuttar fører automatisk til utlogging. Søknadsprosessen bør difor fullførast.
- det er høve til å lime inn tekst i søknadsbiletet frå andre program, f. eks Word.
Me gjer vidare merksam på att dei opplysningar du registrerar inn på den elektroniske søknaden vil bli liggande i vår database slik at desse kan nyttast ved seinare høve.
Publisert03.03.2015 10.58