
Voss bygdeboknemnd er ei kommunal nemnd vald av Voss kommunestyre. Bygdeboknemnda hadde skipingsmøte 18. oktober 1962, med Lars Hauge som fyrste formann. Dei viktigaste oppgåvene var å gje ut gards- og ættesoge for Vossestrand, gards- og ættesoge for Evanger, og ei ålmennsoge for heile Voss kommune. I dei tiåra bygdeboknemnda har vore i arbeid, har dei gitt ut både desse bøkene og ei rekkje andre. Frå 1969 har dei gjeve ut årboka Gamalt frå Voss, der Voss Sogelag og Voss folkemuseum har vore medutgjevarar sidan 1985.
For valperioden 2016-2019 er fylgjande oppnemnde som medlemer i Voss bygdeboknemnd :
Medlemmer | Varamedlem |
Audhild Rygg, leiar | Knut Farestveit |
Gunnar Hemre Ringheim, nestleiar | Jorunn Gjøstein |
Eirik Helleve | Kirsten Takvam |
Trygve Dugstad | Britt Trefall Hernes |
Anita Jordalen | |
Bygdeboknemnda har altså jamleg gjeve ut bøker i den tida nemnda har eksistert. I førre valperiode har ein gjeve ut Ættebok for Vossestrand 2, og ein er no i gang med å skriva ny gards- og ættesoge for gamle Voss kommune. Lars Kindem sine Vossabøker 1-4 kom ut på trettitalet, og det er på tide med ei ættebok som dekkjer tida fram til våre dagar. Bøkene våre er til sals hjå bokhandlarar og i Servicetorget på Tinghuset.