Nyhende
Publisert 08.11.2019

  

Målestasjonen til Meteorologisk institutt (MET) i Prestegardsmoen er no flytta. Det betyr at alle målingane no vert offisielle.

Vêrstasjonen har dei siste åra stått for nær ei mogleg varmekjelde, slik at alle temperaturane frå Vossevangen ikkje har vore godkjende.

Voss kommune har saman med MET vurdert ulike plasseringar, og har no sett denne opp ved tennisbanen i Prestegardsmoen, om lag ti meter vekk frå den opphavelege plasseringa.

Dette gjer at alle temperaturmålingane frå no vil verta godkjende i vêrstatistikken.  

Publisert 06.11.2019

I samband med Sentrumsplanen vert det ope møte torsdag 7. november i Gamle kino kl 18.00-20.00.

Det vert og opna ny BygdeLab frå 8/11 - 19/11.

Publisert 06.11.2019

15. til 17. november 2019 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse i 2020. Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Dersom de ikkje mottek brev, tek de kontakt med kommunen.

Føresette loggar seg inn med ID-porten i «Portal for oppvekst» og stadfestar skuleplassen eller takkar nei.

Portal for oppvekst

Ein kan søkja om plass i SFO samstundes, men søknadsfristen her er 1.mars.
Elevane til Granvin barne- og ungdomsskule har innmelding direkte til skulen som før.

Velkommen i Vossaskulen.

Publisert 25.10.2019

Hardanger/Voss kompetanseregion er i ein organisatorisk tilpassingsprosess, og søkjer regionskoordinator frå 01.01.20.

Sjå meir informasjon om stillinga (PDF, 429 kB)