Info om faktura til ny kommune

Voss kommune og Granvin herad vert slått saman til Voss herad frå 01.01.2020. Voss herad er ein heilt ny kommune, men heradet vil fortsetje å ha same organisasjonsnummeret som Voss kommune har i dag. For at overgangen vert best mogleg er det viktig at våre leverandørar sender faktura til rett kommune. 

  1. Faktura som gjeld for rekneskapsåret 2019

Alle fakturaer frå leverandørar som gjeld rekneskapsåret 2019 skal sendast til dei respektive kommunar der dette er bestilt; enten Granvin herad eller Voss kommune.

  1. Faktura som gjeld for rekneskapsåret 2020

Alle fakturaer frå leverandørar som gjeld rekneskapsåret 2020 skal sendast til Voss herad. Dersom det står feil kommunenamn på faktura vil denne bli returnert. Voss herad krev også at faktura skal sendast med elektronisk handelsformat (EHF). Faktura skal sendast til heradet sitt organisasjonsnummer, 960510542, med tilsettnr. til den som har bestilt som referansenummer (5 siffer). Referansenummer kan avtalast å vera eit anna siffer, som til dømes avdelingsnummer.

  • Namn/mottakar: Voss herad
  • Organisasjonsnummer: 960510542
  • E-post: faktura@voss.kommune.no
  • Adresse: Pb. 145, 5701 Voss

Nytt kommunenummer vert til informasjon 4621.

Har du spørsmål kan du kontakta økonomiavdelinga på: postmottak.okonomi@voss.kommune.no

Takk for at de oppdaterar rutinane for sending av faktura slik at overgangen vert så god som mogleg.