Stor snøskredfare

Det er snøskredfare på oransje og nest høgaste nivå for Voss. NVE melder på varsom.no at det over 800 meter er fare for store og naturleg utløyste flakskred grunna fokksnø. Frå 700 til 1000 meter er det fare for middels store og naturleg utløyste flakskred grunna våt snø. 

NVE oppmodar om å unngå ferdsel i terreng brattare enn 30 grader. Varselet gjeld i første omgang for torsdag og fredag.

For Voss er det også gult varsel om jordskred, grunna store nedbørsmengder. 

Voss kommune oppmodar alle om sikra eigen eigedom, og syta for at kummar og bekkefar på eigen eigedom ikkje er tette og til hinder for at vatnet kan renna.